DER BÅRA BRYT

  • BILLETTER
  • Om «Der båra bryt»
  • Kontakt
    • Nyttige lenkjer
  • Kunstnarar
    • Regissør Torkil Sandsun
    • Produsent Ingrid Hansen
    • Scenograf Tormod Lindgren
    • Komponist Rune Rebne
    • Komponist Ludvig Elblaus
    • Manusarbeid Maria Tryti Vennerød
    • Manusforfattar Fridtjof Urdal
    • Koreograf Kristin Ryhg Helgebostad

  • 
  • 

Startskotet

1. desember 2015 by es 1 Comment

Billettsalet opna 1.desember 2015kvadratisk-logo-transparent

Endeleg kunne vi i Bremanger kulturlag gå ut med ei gledeleg melding til folket ; nemlig at «Der båra bryt «-billettane er ute til sal!

Vi har venta vel og lenge på dette  – faktisk i fleire år! Men no er det ikkje noko tvil lenger. Den 29. og 30.april vert det premiere på Der båra bryt på Grotlesanden!

Komitear

Det er ein del detaljar som enno skal på plass men vi har fått mange og gode støttespelarar med oss på vegen framover mot det endelege målet! Denne hausten har det vore hektisk aktivitet;  ikkje berre på skodespelarfronten men med komitémøter for kulissegruppa, kostymegruppe , teknisk, publikumshandtering , produksjon  osv.

Skodespelarar

IMG_1800

Torkil Sandsund , regissør

Skodespelarane har hatt to helgar med workshop denne hausten. Den siste var no i november og gruppa ser ut til å verte 18 personar- både av menn, kvinner, barn, unge, eldre! For oss i styret var det ei stor glede at det meldte seg så engasjerte og flinke amatør-skodespelarar ; som alle er frå vår eigen kommune. 

Kor

Seinare i vinter skal vi øve med kor. Dei er enno ikkje «sette i sving» men Bremanger kammerkor er «hovedkoret», så utvidar vi det med eit samansett kor ifrå Svelgen, Ålfoten, Davik, Rugsund. Det òg lov å øve på dette prosjektet saman med Bremanger kammerkor om nokon har lyst.

Kunstnarar

Det hadde ikkje vore  «Der båra bryt» utan kunstnarane våre som har arbeidd nesten like lenge som oss med dette. Nokre av dei har vi enno ikkje sett men regissør Torkil Sandsund , scenograf Tormod Lindgren og  vår produsent Ingrid Hansen har vore med heile vegen. På vegen har vi plukka opp kulturpersonlegheita Fridtjov Urdal som har arbeidd med historisk materiale og utarbeida tekst til manus. Rune Rebne kom inn som ein «reddande engel» som komponist denne sommaren. Han skal skrive musikken saman med Ludvig Elblaus som vi enno ikkje har møtt. Vi har òg enno tilgode å møte Maria Tryti Vennerød som er manusforfattar og koreograf Kristin Ryhg Helgebostad.  

«Skjær i sjøen»

Vi har hatt nokre «skjær i sjøen» undervegs som m.a. gjorde at vi måtte utsetje fleire gongar. Det har ikkje alltid sett  lovande ut!  Men etter at vi fekk den største økonomiske støtta med Norsk kulturråd  ; ja då tok vi skikkelig sats igjen. Og her er vi nesten eit år etterpå –  billettsalet er opna og no ventar vi berre på at billettane vert utselt etter kort tid ! Det er lov å drøyme. Men det ER faktisk begrensa med plassar – vi kan ikkje ha fleire enn 500 mennesker pr forestilling. Så det er lurt å skunde seg.  Du finn billettlenkjer her på sida òg på FB- sida .

Vi går spennande tider i vente !

Grotle skum skjære

Foto : Benedicte Solbakken Hamre

 

 

 

Filed Under: Ymse Tagged With: Ålfoten, båra, bremanger, bryt, Davik, der, Elblaus, Fridtjov, Hansen, Helgebostad, Ingrid, kammerkor, Kristin, kulisser, kulturlag, Lindgren, Ludvig, Maria, Norsk kulturråd, produsent, regissør, Rugsund, Rygh, Sandsund, scenograf, skodespelarar, Svelgen, Torkil, Tormod, Tryti, Urdal, Vennerød

Comments

  1. Smithb990 says

    4. september 2017 at 03:34

    Totally pent subject matter, appreciate it for selective information. eecdebfedkgeeakd

    Svar

Legg att eit svar Avbryt svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *

Copyright © 2021 —DER BÅRA BRYT • All rights reserved.

Genesis Framework • WordPress • Log in